Lærar Reidun Øvrebotten saman med sine elevar på kunst!














































































































Lærar Reidun Øvrebotten saman med sine elevar på kunst!
Onsdag 22.mai 2013
Bremanger kulturskule er glade for å ha gode tilbod til dei aller yngste. Vi har «Musikkleik» for 4 og 5 åringar og «Kulturkarusell» for 6 og 7 åringar. Målet vårt med «Kulturkarusell» er at dei yngste borna skal få prøve seg på ulike kunstuttrykk – Kunstfag, Dans og Musikk.
Vi kjem sikkert til å vere ulike lærarar på dei ulike emna , men kan hende vi er to lærarar samstundes for å hjelpe kvarandre (avhengig av kor store grupper vi har ) Denne gjengen på bildet skulle iallefall lære seg notar og er i full gong med å teikne dei ! Det er faktisk KJEKT med notar når vi leikar oss med dei litt. 🙂