Denne hausten har vi starta med kunstgruppe med dei aller minste – i kulturkarusell! 3 veker med kunst, 3 veker med musikk og 6 veker med leikedans osv. Lærarane arbeider i team og årets tema er musikk, leik, song og dans frå musikalen «Jonas i jungelen» av Hogne Moe. Dette er eit stykke laga i 1986 (kanskje tidlegare) og har vorte brukt i mange skular, barnehagar og kulturskular dei siste 30 åra. Songane er vel egna til ungar heilt ned i 3 års alder og dei innbyr til dans og leik.
Målet med «Kulturkarusell 2013/2014 » er å framføre noko frå Jonas i jungelen på kulturskulen si store framsyning til våren , nærare bestemt laurdag 22.mars. Dette vert ei forestilling for heile kommunen – dvs at alle ungane i kulturkarusellgruppene skal vere med på samme forestilling. det gjeld ikkje berre kulturkarusell men alle andre elevar òg. Vi gledar oss til 22.mars! Men først må vi male litt…..