Sommarkonsert i Heimen 8. juni 2022

Tradisjonen tru vert skuleåret i kulturskulen avslutta med fin sommarkonsert med elevar og lærarar. Og desse elevkonsertane har vi ofte hatt i Kulturhuset Heimen fordi det rett og slett er den finaste scena vi har i bygda. Og vi har eit håp om at vi kan framleis kan behalde den slik den er idag.

Elevane som deltok på konsert i 2022 var Kulturkarusell (elevar frå 1&2 kl) , aspirantar, blåseelevar frå Bremanger skulemusikk, pianoelevar , sangelevar, gitar, bass og tromme elevar. Lærarar i ytre er Raimund, Einar, Grete, Elisabeth , Jarle og Fay. Rolv Arne Vedvik er trommelærar etter at Maurizio Varano gjekk av med pensjon i vinter.

Drama og sang med Angy og Helena

Hausten 2018 har vi fått ekstra hjelp i kulturskulen nemleg av Angy Avendano og Helena Bjarkadottir !

Angy Avendano Angyer 20 år , fødd i Chile men har vokse opp i Lærdal i Sogn. Ho starta på drama i kulturskulen og gjekk så vidare med 3 år på  Drama linja på Firda VGS på Sandane. No er ho komme til Bremanger for å bu dette året og vi er så heldige å ha ho her med oss.

Ho skal Les meir

Små kunstnarar

Image

Blande nye fargar

Image

Ivrige kunstnarar

Denne hausten har vi starta med kunstgruppe med dei aller minste  –  i kulturkarusell! 3 veker med kunst, 3 veker med musikk og 6 veker med leikedans osv.  Lærarane arbeider i team og årets tema er musikk, leik, song og dans frå musikalen «Jonas i jungelen» av Hogne Moe. Dette er eit stykke laga i 1986 (kanskje tidlegare) og har vorte brukt i mange skular, barnehagar og kulturskular dei siste 30 åra. Songane er vel egna til ungar heilt ned i 3 års alder og dei innbyr til dans og leik.

Målet med «Kulturkarusell 2013/2014 » er å framføre noko frå Jonas i jungelen på kulturskulen si store framsyning til våren , nærare bestemt laurdag 22.mars. Dette vert ei forestilling for heile kommunen – dvs at alle ungane i kulturkarusellgruppene skal vere med på samme forestilling. det gjeld ikkje berre kulturkarusell men alle andre elevar òg. Vi gledar oss til 22.mars! Men først må vi male litt…..