Elevar og lærarar i kulturskulen flytta likegodt konserten utandørs i Ålfoten måndag 11.juni! Publikum kosa seg i sola og sommarvarmen! Les meir
Karusellfest 11.juni 2018
Kulturskuleåret 2017/2018 har karusellelevane vore «prøvekaniner» for eit nytt prosjekt i kulturkarusell – nemlig dukketeater. Sidan underteikna ikkje har gjort eit liknande prosjekt tidlegare var det litt prøving og feiling som måtte til. Karusellelevane var delte i 3 grupper dette skuleåret , slik at det til slutt vart 3 ulike dukketeaterstykker.
Vi starta med historieskaping der elevane fantaserte seg fram til figurar og ei handling dei ville bruke i stykket sitt. Dette var viktig fordi dukkene skulle få eige «liv». Dukkene vart deretter skapt ved hjelp av papp, og tekstil til kle . Dette tok ei tid då elevane trengte mykje hjelp til dukkene.
Når dukkene var ferdig laga dei scenografi (bakgrunnsbilete) til stykket – som skulle passe til handlinga. Les meir
Utstilling av kunstelevar på Hauge
Elevar og lærar Reidun Øvrebotten inviterte føresette til ei elevutstilling med arbeidet

Sjølvportrett – mixed media Photoshop.
dei har hatt arbeidsåret 2017 / 2018. Les meir
Elevkonsert Svelgen 2018
Musikk frå film & scene
Temakonsert for elevar i kulturskulen i Bremanger/ Kalvåg!
Måndag 9.april var Kulturhuset Heimen heilt stappfullt av elevar , lærarar og publikum. Mellom 25 – 30 innslag vart framført på scena. Gitaristar , ulike blåsarar , sangmoves-elevar , pianistar , trommisar, keyboard og vokal. Og det vart framført musikk frå mange ulike filmar og musikalar. Det var laga film til fleire av innslaga , trailere frå filmar som elevane spelte ifrå. Vi kan nemne filmar som Titanic , Flåklypa, Pippi Langstrømpe, Pirates of the caribbean, Mission Impossible , Olsenbanden og mange fleire.
Tor Olav Heldal var med for første gong som ny lærar i kulturskulen. Ein betre presentasjon kjem seinare.
Tur til Astruptunet
Utstilling i Svelgen 21.nov.-9.des
Bilde
Utviding av lokaler
Kulturskulen i Bremanger har for mange år sidan vokse seg ut av lokala sine og vi har eit stort behov for lagerplass, grupperom og ikkje minst lovlege og velegna arbeidsplassar til dei 13 ansette. Dette ser no ut til å betre seg litt når vi får overta det «gamle» biblioteket på Hauge skule. Der vil vi få plass til eit grupperom, eit kontor for rektor og møterom for kulturskulelærarane. Det vil nok ikkje løyse alle lokalitetsvanskane våre men vi ser fram mot ei god løysing på dette ganske snart om politikarane våre vil oss meir vel.
Ledige plassar på Hauge
Vi har ledige plassar på Musikkleik for 5 åringar og på
Kulturkarusell for 1. og 2. klasse.
Musikkleik for 5 åringar
:
Gjennom song, dans og leikar stimulerer vi til musikalsk og kreativ utvikling hos born.
Praktisk info: Vi legg opp til at borna får dette tilbodet i barnehagetida for å gjere det enklare for foreldre/føresette. Dette har vore ei fin ordning med gode erfaringar frå tidlegare år. Barnehagepersonell kjem til å fylgje borna til kulturskulen på Hauge skule.
Kontakt Grete omgåande for påmelding: 95982977 eller send epost grete@bremangerkulturskule.no.
Kulturkarusell 1. og 2. klasse.
Elevane får grunnleggande opplæring i musikk og visuell kunst. Synge og spele instrument , tegne og male m.m.
Vi har allereie ei gruppe på Kulturkarusell med elevar som no går i 2.klasse. No opnar vi opp for ei ekstra gruppe og har difor ledige plassar for 1. og 2. klassingar.
Praktisk: Vi prøvar å tilpasse tidspunkt for kulturkarusell til rett etter skuletid,-gjerne i ein 6.time.
Kontakt Grete omgåande for påmelding: 95982977 eller send epost grete@bremangerkulturskule.no
Sommarkonsert i Ålfoten
Elevutstilling i kulturhuset Heimen
Før sommarferien hadde vi kunstutstilling i Kulturhuset Heimen. Det var stort oppmøte av alle elevar med gjestar. Kulturkarusell (1.-2.klasse) og eldre kunstelevar frå 4.kl. – 10.kl. Elisabeth har vore lærar for dei to yngste gruppene medan Reidun har hatt dei eldste. Elevane serverte alle sprudlebrus med jordbær som seg «hør og bør» på ei kunstutstilling.
Utstilling i Øyratunet anno 2017
Mandag 29. mai viste elevar på kulturkarusell og visuell kunst fram arbeida sine på Øyratunet i Svelgen.
Ei flott og mangfaldig utstilling, med maleri, trykk i lino, kannedyr, akvareller og teikningar. Mange møtte opp for å vere med på opninga, der kulturkarusell elevane framførte 2 songar og lærar i visuelle kunstfag Aud Marit Skarrebo Holmen fortalte om teknikkar som elevane har nytta i arbeidet. Les meir
Påmeldingsfrist er 15.juni !
Det er på tide å melde seg på for skuleåret 2017/2018. Vi har dei same tilboda som før og med same lærarstab.
Les meir
Sigrid vidare til UKM landsfestival
Vi gratulerer Sigrid Frøysland frå Svelgen som vart valt ut som eitt av Sogn og Fjordane sine bidrag på UKM landsfestivalen 2017.

Bilde av NRK Sogn og Fjordane
21. juni til 25. juni 2017 skal Sandnes vere vertskap for kreative ungdomar frå heile landet.
Historisk kjolekurs
Nokon har venta lenge på dette kurset og endeleg vart det realisert.
Det vart ikkje så mange påmeldte men vi valde likevel å Les meir
Flott elevkonsert i Svelgen
Kulturskuleelevane entra scena i Svelgen torsdag 23.mars
Det var fullsett sal og mange spente elevar som skulle spele og synge på elevkonserten i Samfunnshuset. Samfunnshuset har ei flott scene og saman med profft lys og lyd, vart det den perfekte ramma for kulturskulen sin konsert. Les meir
Konsert i Heimen
Vellukka konsert i Kulturhuset Heimen
Elevar frå Bremanger og Kalvåg hadde konsert tysdag 21.mars. Dette var første gong vi har slått saman Kalvåg og Bremanger elevar til ein felleskonsert. Les meir
Øve heime?
«ØVING gjer mester» – Eit gamalt ordtak med mykje sanning i seg. Du har eit barn/ein ungdom som er elev i kulturskulen vår. Korleis kan de bidra til å gjere dette til ein positiv oppleving – ikkje berre i starten når det meste er enkelt men etterkvart når det vert vanskelegare å spele? Les meir
Sy din eigen historiske kjole
Vi starter igjen med kurs i saum av historiske kjolar. Velg di tidsepoke: rennesanse, jugend, antikk eller kanskje barokk??
Du får hjelp til val av snitt og
fasong og personleg mønstertilpasning, samt veiledning på veien til ferdig kjole.
Ekskursjon til stoffhandel (Stoff og Stil i Åsane , Bergen) høyrer med! (frivillig og sjølvkost)
Du må kunne disponere eiga symaskin, sømutstyr og materiell. Ein viss erfaring med symaskina er nødvendig.
Avslutning med grevinnediplom, supè og innleigde hovmestarar…
30 timar kr.3000,-
Max 6 deltakarar
Orienterings-/planleggingsmøte i Kulturhuset Heimen tysdag 13.september kl. 17.15
Fagleg leiar: Reidun Øvrebotten, mobil 9710403
Velkommen til nytt kulturskuleår
Vi er klare til å starte på det nye kulturskuleåret – vi gledar oss til å møte dykk alle. Innan søndag kveld vil du få ein mail eller sms med tid og stad for undervisning i kulturskulen. Vi prøver å unngå kollisjonar med andre aktivitetar, difor tek dette litt tid. Lurer du på noko,ring Grete.