Øve heime?

 

«ØVING gjer mester» – Eit gamalt ordtak med mykje sanning i seg. enfant musiqueDu har eit barn/ein ungdom som er elev i kulturskulen vår. Korleis kan de bidra til å gjere dette til ein positiv oppleving – ikkje berre i starten når det meste er enkelt men etterkvart når det vert vanskelegare å spele? Les meir

Sy din eigen historiske kjole

The DutchessVi starter igjen med kurs i saum av historiske kjolar. Velg di tidsepoke: rennesanse, jugend, antikk eller kanskje barokk??

Du får hjelp til val av snitt og
fasong og personleg mønstertilpasning, samt veiledning på veien til ferdig kjole.
Ekskursjon til stoffhandel (Stoff og Stil i Åsane , Bergen) høyrer med! (frivillig og sjølvkost)

Du må kunne disponere eiga symaskin, sømutstyr og materiell. Ein viss erfaring med symaskina er nødvendig.
Avslutning med grevinnediplom, supè og innleigde hovmestarar…

30 timar kr.3000,-

Max 6 deltakarar
Orienterings-/planleggingsmøte i Kulturhuset Heimen tysdag 13.september kl. 17.15

Fagleg leiar: Reidun Øvrebotten, mobil 9710403

This slideshow requires JavaScript.

 

Velkommen til nytt kulturskuleår

Vi er klare til å starte på det nye kulturskuleåret – vi gledar oss til å møte dykk alle. Innan søndag kveld vil du få ein mail eller sms med tid og stad for undervisning i kulturskulen. Vi prøver å unngå kollisjonar med andre aktivitetar, difor tek dette litt tid. Lurer du på noko,ring Grete.

noter barn

Framsyningar i kulturskulen mars/april

Her er datoane på konsertar/utstillingar i dei bygdene vi underviser i.

  • Måndag 14.mars kl. 18.00.Hauge med ein konsert og elevutstilling i «Kulturhuset Heimen»
  • Tysdag 15.mars kl. 18.00 i Kalvåg
  • Torsdag 17.mars kl.18.00 i Svelgen Samfunnshus vert det konsert /utstilling.

Konserten i Davik vert utsett til etter påske:

  • Onsdag 13.april kl. 18.00 i Bedehuset i Davik.

Pga at  vi leiger lokaler må vi ta ein inngangsbillett  på kr.50; (for vaksne over 18 år)

IMG_1524

image-2

 

Lucia-besøk

-på sjuke og aldersheimen i Kalvåg!

Ei gruppe frå «kulturkarusell» i Kalvåg tok onsdag 9.desember turen til sjukeheimen for å glede bebuarane der.  Ikkje så farleg om det ikkje var på sjølvaste Lucia-dagen 6.desember – å glede andre med songar kan ein gjere heile året.

Songen vart godt motteken av publikum.lucia_kalvåg2lucia-kalvåg

Julestemning i alle krokar…

Vi likar å kose oss i desember – men ikkje berre elevane…..Julelys

Vi gledar oss alle til at vi kan sløkje dei skarpe taklysa i klasseromma – finne fram stearinlys, tenne dei og finne fram litt godt å ete og drikke! Ein julefilm gjer òg susen – og kanskje er Disney-julefilmsnutter det aller mest «julekoselege»!  Kunstgruppa til Reidun hadde avslutning i dag  – maling, papir, sakser og blyantar er erstatta med julekos! Det er så mørkt bilde at vi ser knapt kva som står på bordet men vi anar den lune gode julestemninga ! IMG_0359.JPG

«Tidleg krøkast»…

…som flinke kunstnarar skal bli !

Desse 3 elevane har hausten 2015 starta opp på kunstskule saman med 2 andre elevar. Dette er den yngste kunstgruppa på Hauge – i Svelgen har Aud Marit Skarrebo Holmen ei tilsvarande gruppe i same aldersgruppe. (3. og 4.klassingar)

Her set dei i djup konsentrasjon – kunstverket kan sjå ut som forvokste påskeegg MEN det er det slettes ikkje. Vi kan ikkje røpe kva det skal bli – kom heller på kunstutstillinga vår seinare i vinter. Vi har det flott i Kulturhuset Heimen. Vi har godt med utstyr og vi trivast i gode lokaler.  IMG_3386IMG_3387

Korps kan gje deg vener for livet

Desse tre jentene er stolte «eigarar» av kvar sin kornett. Kvar torsdag møtast dei til øving saman med kornett-læraren sin Silje Aga Larsen. I tillegg til å vere messing-lærar spelar Silje kornett  i Kalvåg musikklag. Ho har mange år med korpserfaring bak seg både i skulekorpset og som vaksen i musikklaget.

IMG_3191
Desse 3 jentene starta opp i 2014 med eit aspirant-prøveår i musikk-timane i skuletida. Dette er ein avtale vi har hatt med grunnskulen i nokon år og er heilt forsneleg med Kunnskapsløftet. Vi har brukt dei siste åra slik for å klare å «hanke  inn» dei som kanskje aldri hadde meldt seg på som aspirant. Les meir

Kulturskulelærarar på konferanse

Alle lærarar i kulturskulen i Bremanger er på kulturkonferanse på Skei Hotell ! Etter ei flott musikalsk opning fekk Nils R.Sandal ordet der han opna konferansen! Innhaldet denne dagen handla om kulturskulen sin nye rammeplan. Alle kulturskulelærarar frå Sogn og Fjordane har hatt idédugnad til innhaldet i den nye læreplanen. Veggen vart fyllt med stikkord med gode råd til leiarane våre.  

Les meir

Nytt kulturskuleår 2015 / 16

colorful-music-notes-clipart-wallpaper-1Vi vil med denne fargerike kunstplakaten få ynskje dykk alle velkomne til eit nytt spennande og fargerikt kulturskuleår. Vi ynskjer spesielt velkommen til nye elevar og håpar de vil finne dykk godt til rette saman med oss.

Vi startar opp undervisning i veke 35  – måndag 24.august. De vil få beskjed om oppmøtetider i løpet av denne veka / starten på neste veke.

Det er framleis ledige plassar på Musikkleik , Kulturkarusell og Visuelle kunstfag f.o.m 3.klasse  og oppover. Ta kontakt med Grete Berntzen 95 98 29 77 eller grete@bremangerkulturskule.no

Ledige plassar på visuelle kunstfag

Ledige plassar på kunstskulen i Bremanger kulturskule.

Nytt av året er tilbod til 3.og 4. klasse. Vi held til i kjellaren i Kulturhuset Heimen  – lærarar er Reidun Øvrebotten (5.-7- og 8.-10.klasse gruppa ) og Elisabeth Solbakken ( 3.og.4 klasse gruppa)

Kontakt Grete Berntzen 95 98 29 77 / post@bremangerkulturskule.no

Vakre silkemålingsbilder

Vakre silkemålingsbilder