Kulturskulekonsert i Kalvåg – mars 2015

Foto : Grete Berntzen

Nora nominert til draumestipendet

Kva er draumestipendet?

(Tekst under er henta frå Norsk kulturskuleråd sine sider:)

«Draumestipendet består av 100 stipendier à 10 000 kroner – til saman ein million kroner. Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ynskjer Norsk kulturskulerådi å synleggjere kommunane sitt arbeid for barn og unge. Draumestipendet er ein verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvarar sine draumar. Kvar kommune kan nominere ein person eller gruppe innan kvar av desse kategoriene : Dans , Musikk , Skapende skriving, Teater,  Visuell kunst  eller  Annet .

Draumestipendet utdelast i 2015 til kulturutøvarar fødde i 1995 eller senere.»

Og i år er det altså Nora Klungresæter sin tur å verte nominert. Dette er ei ære i seg sjølv og ein sjanse til å oppfylle nokre draumar i samband med det ho driv mest med -nemlig musikk. Ho har sikkert mange idéar om kva eit slikt stipend skulle kunne brukast til . Nora har i mange år vore elev i Bremanger kulturskule og har spelt både piano, bassgitar og fløyte.  Det er på piano og bassgitar Nora har sin styrke og viste tidleg stort talent. Ho har vore allsidig , spelt klassisk piano og vore bassist i sitt «eige» band «Noraband». Med dette bandet gjekk Nora og resten av bandet vidare til UKM -festival (landsmønstring)  i 2013.

Nora -band i 2013

Nora -band i 2013

Utdelinga går føre seg i Sogndal kulturhus førstkomande laurdag kl. 15.00. Forestillinga heiter «…og dei nominerte er» Arrangørane skriv om sitt arrangement : Her kan ein møte talentfulle elevar innan musikk, dans, teater og visuelle kunst frå kulturskulane i Sogn og Fjordane.

Desse er alle enten nominert til årets Draumestipend, deltakarar i det regionale talentprogrammet Laurdagsskulen ellerfrå dei nasjonale talentprogramma Griegakademiet Unge Talenter og Barratt Due Unge Talenter.

Vi ynskjer Nora lukke til på laurdag. Her vert fingrar og tær kryssa.

Draumestipendet

Redesign kurs med Reidun Øvrebotten

Etter vinterferien vert det igjen oppstarta eit

Redesign kurs –  tekstil – siste gong var i 2011.

Stad : Kulturhuset Heimenredesign veske

Vær eit miljøbevisst menneske og gjenbruk verdifulle materialar på nye og kreative måtar. Vi bruker gamle klede, stoff, strikkeplagg, blonder, knappar, band, pels og så vidare. Med utgangspunkt i dette lagar vi nye produkt. Det kan være klede, puter, gardiner, trekk til stolar eller det du lystar.

Slepp deg laus og bruk fantasien! Skap ditt eige som ingen har maken til!

Kontakt kulturskulen snarast! Begrensa plassar.

«Å vere i verda» i kulturhuset Heimen

«Å vere i verda» er eit prosjekt der resultatet skal vere ein del av scenografien til oppsetninga «Der båra bryt». Elevar i kulturskulen og på Hauge skule har laga kopiar av 10 hus på Grotle, og fortel historia deira. Elevane har arbeidd med sjølve byggverket, men dei har også fått høyre historia til huset, med påbygg og oppussingsprosjekt. I tillegg har dei snakka med dei som bur der og fått bli kjend med menneska i husa si historie.

Scenograf Tormod Lindgren har leia det kunstneriske arbeidet, ilag med lærar i visuelle kunstfag Reidun Øvrebotten og sløydlærar Raimund Hoclas som har arbeidd med elevane sidan august 2014.

Laurdag 31. januar var husa ferdige og kunne visast ut. Over hundre menneske kom til utstillinga som vart opna av kultursjef Espen Frøysland. Elevane las dikt og kåser, spelte musikk og til slutt fekk alle sjå dei flotte byggverka.

This slideshow requires JavaScript.

 

NYTT undervisningstilbod: SANGMOVES

NYTT TILBOD FRÅ BREMANGER KULTURSKULE.
Bremanger kulturskule vil våren 2015 prøve ut eit nytt gruppekonsept som har fått navnet :

«SANGMOVES».show kor

Tittelen er ei blanding av dialekt og engelsk og skal beskrive at timen er ein kombinasjon av songtime og koreografi/bevegelsestrening. Vi håpar at tilbodet kan vere av interresse både for jenter og gutar i alle aldrar. Truleg vert det eigne gutegrupper om ein får nok påmeldingar. Vi understreker at tilbodet ikkje er eit substitutt for vårt manglande dansetilbod men vil innebære ein god del koreografi for dei som likar å både synge og danse.

For elevar i 1. og 2.klasse vil ein få ein introduksjon til faget «Sangmoves» i gruppene Kulturkarusell. OPPSTART Februar 2015 veke 6.v

Lengde: 45 minutt pr veke.

Pris: 1300 kr pr halvår.
Alder: 3. Klasse og oppover.
Lærar: Laila B
Send snarast epost for påmelding til:
mailto:post@bremangerkulturskule.no»>E-post post@bremangerkulturskule.no

Det er også mogeleg for vaksne å melde seg på. Tilbodet går ut til heile kommunen og vert starta opp der det let seg gjere.

Med venleg helsing
Grete Berntzen
-­Kulturskulerektor

Informasjon om innhald.
Kategoriar: Musikalar, Disney, Musikkvideo, 60 talls soul,
Elevens val og Stomp.
Musikalar:
Den kategorien som har mest dans og skodespel i seg av dei kategoriane vi skal jobbe med.
Vi hentar inspirasjon frå musikalar som Abba (Mamma Mia) , Les Miserablé , Cats , Grease, Annie, Fame og liknande.

Disney:
Samlebegrep for diverse songar/dansar frå diverse teikneseriefilmar. Her hermar vi etter figurar frå til dømes Happy Feat, Istid, Alvin ;Froze, Askepott , Stor ståhai (Shark Tale) etc.

Musikkvideo:
Kategori kor ein skal etterlikne kjende artistar som både syng og dansar. Elevane får sjølve komme med forslag på nyare musikkvideoar ein kan øve etter, men ein skal òg innom eldre grupper /artistar som til dømes Backstreet Boys , Nsynk, Michael Jackson og Spice Girls. 

60 tals soul:

Vi let oss inspirera av artistar /grupper som the Temptations , The Supremes, Aretha Franklin og James Brown med fleire.

Elevens val:
Elevane skal i fellesskap bestemme song og lage koreografi.

Stomp:
Musikkform der ein brukar kroppen og diverse gjenstandar til å lage rytmiske figurar.
Vi skal ikkje synge i denne kategorien men ha stort fokus på rytmetrening presisjon og koordinasjon. Alle gruppene skal lære den same koreografien i denne kategorien.

Kurs i saum av barnekle

I Heimen har 6 unge mødre dei siste månadane vore samla med kvar si symaskin. Dei har hatt med seg søte , tøffe , mjuke og herlige stoff til å sy fine små barnekle. Dei har vore svært ivrige og har lagt bak seg ein stor produksjon. Kurset vart avslutta måndag 26.januar. Vert interessa stor kan det verte liknande kurs seinare.

This slideshow requires JavaScript.

UKM 2015

Så er tida komen . Det er snart tid for årets lokale UKM -mønstring.

I år vert det arrangert i Svelgen laurdag 28.februar kl.15.00. Redigert  Logo uten årstall

Som alltid ynskjer vi mykje påmelding frå ALLE bygdene våre. Vi veit det er talentfulle ungdomar overalt på musikk dans og kunst. I tillegg er det sikkert mange norsklærarar som veit at det er ungdomar som er dyktige å skrive f.eks dikt, novelle osv. Desse klarer ikkje kulturskulen å fange opp. Om de har noko de vil dele – meld dokke på litteratur på UKM. Det same gjeld kunst. Vi kjenner ikkje til kor mange som maler, teiknar, tek foto osv. – desse ungdomane er sjølvsagt velkomne til å melde seg på.

Kan hende det er vaksne som kjenner til ungdomar som er flinke til noko – men dei vågar kanskje ikkje melde seg på? Det kan hjelpe med eit lite «push». Aldersgruppe 10-20 år. Spør oss du lurer på noko.

Det er ope for påmelding – gå inn på www.UKM.no

Nytt kulturskuleår 2014 /15

Velkommen alle nye og «gamle» elevar til eit nytt og spennande kulturskuleår! I skrivande stund er ein av våre elevar Aksel H.Vedvik i Oslo på Melodi Grand Prix Junior. Det er vi kjempstolte av! Aksel bevise for alle oss andre at det nyttar å stå på og vise kva ein kan. Vi ynskjer han lykke til ! Laurdag kan de alle følgje Aksel på «liveoverføring i Bremangerhallen! Dørene opna kl 18.00 ! Heia-Aksel

Dette skuleåret er Raimund Hoclas tilbake i våre «lærarrekker» og det er vi kjempeglad for – ikkje minst er Svelgen-elevar glade for dette då han skal ha musikkundervisning i heile grunnskulen i tillegg.

Vi kjem attende med nyhende etterkvart i skuleåret. Lykke til på «kulturskuleferda»

Det nærmar seg sommar

Sommaren er nær men kulturskulen har på langt nær «lagt inn årane» enno. Det vert ikkje store konsertar denne sommaren – det hadde vi i mars.I denne vår-perioden tek vi det meir med ro og prioritere annaleis. Korpsa våre har gjerne festivaler /turar -så dei kviler ikkje på denne tida.

DSC_0120

Lyst og triveleg!

Det har vore mange aktivitetar denne våren  – og det har vore endringar i lokalitetane våre. Reidun har kjøpt «Kulturhuset Heimen»  og det har ført til at kunstskulen har skifta lokaler. Dei held no til i kjellaren i Heimen i eit førebels lokale men til hausten skal Reidun lage til nytt verksted i det gamle kjøkkenet i Kulturhuset Heimen.

Vi hadde uhøgtideleg opning – DSC_0125rektor Grete kom på surprisebesøk med brus og sjokolad

 

 

Akkurat då var karusellgruppa på sin første kunst-time i nytt lokale.Etter dei små var ferdige kom den eldste gruppa i kunstskulen. Dei vart trakterte på samme vis som dei små.

 

 

DSC_0133 DSC_0131 DSC_0142

DSC_0129

STOR FORESTILLING i kulturskulen fredag 21.og laurdag 22.mars

Jonas bilder

Illustrasjonsfoto

PROGRAM FOR FREDAG OG LAURDAG

Først er det  elevframsyning i Svelgen Samfunnshus fredag 21. mars.

Tema er dyr!

Kl. 17.00 Jonas i Jungelen med kulturkarusellelevane og barne-og ungdomskor

Kl. 18.00 Danseframsyning med alle danseelevane!

Kl. 19.00 Konsert med musikkelevar fraa Svelgen, Aalfoten, Davik og Kolset

kenguru jonas

Illustrasjonsfoto

 

 Bremangerhallen laurdag 22. mars.

Kl. 16.00 Jonas i Jungelen med kulturkarusellelevane og barne- og ungdomskor

Kl. 17.00  Konsert med musikkelevar Kalvåg og Bremanger

Kl. 18.30 Danseframsyning med alle danseelevane!

Arrangementet er ope for alle! 

Billettpris: kr. 80,- for vaksne 

Alle under 18 kjem inn gratis 

Kiosken blir open, vi sel litt mat i tillegg til kaker, saft, brus og kaffi.

IMG_2007

Desse har laga pynt til jungelfesten

Grevinner for ein dag

Desse flotte damene er faktisk elevar i Bremanger kulturskule. Dei har vore på sykurs i over 20 timar denne hausten og vinteren,  for å kreere desse fantastiske vintage-kjolane som de ser her på bildet. Og «premien» var sjølvsagt å få lov å gå med dei ein kveld! ( Og kanskje det byr seg fleire anledningar å bruke desse kjolane? ) IMG_2534

Kjolane var utan tvil føreseggjort og – men  fleire har tenkt gjenbruk når dei har valgt stoff. Nokon har brukt gamle gardiner og det er t.o.m.  sydd nokre kjolar (kun 1 på bilde)  av gamle scenetepper på Hauge skule. Men denne gjengen tok likevel turen til Bergen/Åsane for å  shoppe på den berømte butikken  Stoff og Stil. Det du ikkje finn der er ikje verdt å finne til slikt bruk. Det er rimeleg og godt utval. Sydamene har heile tida hatt ein «chat » på Facebook gåande dei kalla for Grevinnechatten – der kunne dei motivere , tulle og tøyse om både det eine og det andre. Så sykurset har ikkje berre vore lærerikt – det har utan tvil gjort oss kjent betre med kvarandre. Og det er verkeleg kjekt å utvide horisontane våre .IMG_2547 IMG_2513 IMG_2518

Desse damene er no «innvia» i den store «grevinneordninga» som sjefsgrevinna Reidun av Løvikneset har oppretta i samaband med sin 50 års dag for nokre få år sidan.  Det finns grevinner frå fleire kantar av landet og om dette breer om seg med fleire kurs kan det bli ein stor grevinneorden til slutt. Kva er vitsen ? Jau , berre ha det moro ilag og føle seg vakre for ei lita stund.

UKM 2014 vel overstått!!

Det er ikkje noko som er meir moro enn å sjå og høyre mange ungdomar som er opprømte, nervøse, glade, spente , pynta , sminka m.m. Slik er UKM – og mykje GOD LYD surrar i lufta og det er mange menneske samla til ei festforestilling! Det kokar i timane før – ALT skal vere på plass i løpet av dagen og kl. 15.00 går startskotet. Lydprøver, juryskjema, registrere deltakere, lage til Greenroom, – scena skal vere teknisk klar med alt utstyr på plass! Og vi rekk det kvart år – sånn stort sett. Det er ALLTID noko vi kanskje kunne ha gjort betre , men då berre prøva vi på det. Neste år.

Inger Nesbakk og Alice Beate Holm var årets konferansierer! Dei var svært dyktige og leia forestillinga framifrå !

Inger Nesbakk og Alice Beate Holm var årets konferansierer! Dei var svært dyktige og leia forestillinga framifrå !

Mønstringa varte frå kl.15.00 til ca kl. 19.00 – 54 ungdomar  var i aksjon og mange andre deltok bak scena , med kafé med billettsal, med lyd og med lys. Bremanger kulturskule var hovedarrangør i saman med Sal og Scene klasse på Hauge skule. Vaktmester Terje Hauge stillte opp med lyssetting og Einar Nesbakk styrte lyden. Dommarar kom frå Sandane, Svelgen og Kalvåg. Anna Maria Malkenes, Raimund Hoclas, Thomas Øvstegård og Ida Strand Sundsøy!  Dei sendte vidare desse bidraga til årets fylkesmønstring!

Desse kunstnarane gjekk vidare i 2014

Desse kunstnarane gjekk vidare i 2014 -Natalie, Matias, Thea Ytre Hauge. Josefine var ikkje til stades.

Kunst til fylket : 

«Skrik» Natalie Nesje med tusjteikning av Munch bildet :

«Sjølvportrett» av Matias Skjølberg

«Vampyr»- Thea Ytre-Hauge

«Kvit rose» Josefine Førde Lindhagen

 

Sceneinnslag til fylket :  

  • Nora-band



 -band, Henrik Førde, Mari Lindvik
, Nora Klungresæter
, Oliver Igland
, Vilde Nesbakk
. Titler: 
“Runaway Baby”
  • Brita Myrhol




 – sang og gitar : Brita Myrhol

. Titler: 
 ”Theese streets”
  • “AHV and the freakz”
-gitar, sang, kohoon: Aksel Hauge Vedvik
, Sigve Holm Sæterlid, Vebjørn Solberg 
. Titler- “Mirrors”
  • Jim Steven-bandet



 – band:  Dorte Førde
, Halvor Nesbakk
, Håvard Lågeide, Iver Strand Senneset, Jim Steven Tammachart Igland, Ulvar Bjarkason
. Titler : » The night they drove old Dixie down»

  • Elise Olsen – sang/teater



 : Elise Olsen
. Titler: 
”Popular” 

IMG_7128

UKM 2014 i Bremangerhallen

Logo2014Emblem

UKM 2014 vert arrangert i Bremangerhallen laurdag 18.januar kl. 15.00.

Kunstutstillinga opnar i hallen kl. 15.00 og det vert open kafé som Bremanger skulemusikk står for.
Kl. 15.45 vert det eit klassisk innslag på flygel i Heimen» (kinoen på Hauge) (Nora Klungresæter.

Kl 16.00 startar resten av sceneinnslaga frå den store scena i hallen.

Inger Nesbakk , Bremangerjente som går 2.året på Media på Firda.

Inger Nesbakk ,konferansier, Bremangerjente som går 2.året på Media på Firda.

Alice Beate Holm - Konferaniser - Svelgenjente som går 2.året på Media på Firda.

Alice Beate Holm – Konferaniser – Svelgenjente som går 3.året på Media (påbygg) på Firda.

Inger Nesbakk og Alice Beate Holm er årets konferansierer på UKM !

Elevar frå sal og Scene er «medarrangør» saman med lærarar i Bremanger Kulturskule.

Kaféen i år vert av Bremanger skulemusikk !

Årets dommarar er :

Raimund Hoclas, Thomas Øvstegård, Anna Malkenes, Ida Strand Sundsøy

Billett kr 100 vaksne og kr 50 born Velkommen skal de vere!

Open time på Dans i Svelgen!

Open time på dans i Svelgen.
2.desember fekk føresette sjå smakebitar av kva elevane på dans har hatt føre seg i haust. Elevane viste fram oppvarming, teknikkøvingar, koreografiar og avslutta med ein felles julekoreografi med alle. Takk til alle dansarar og til Ane Jørgine som losa alle trygt igjennom programmet.

20131208-185048.jpg

20131208-185153.jpg

Kulturskuletimen har «forsvunne»

Frå vår «kulturskulestand» ved Håvardstun FØR valget

Etter lovnadar på «direkten» ved Håvardstun-butikken i september politikarane i kulturkommunen vår  «mista» pengane som var løyvde frå staten – den no utdøande timen «Kulturskuletimen». Den nye regjeringa har fjerna den rød/grøne regjeringa si satsing på kulturskule/skule samarbeidet «kulturskuletimen » MEn ordninga skulle vare halve 2014. Pengane som var løyvde til Bremanger kommune i 2013 har òg forsvunne- slik at mange born frå 1-4 klasse i Bremanger kommune har gått glipp av ein gratis kulturskuletime pr veke!  Og heller ikkje 2014 vert det gratis undervisning for denne aldersgruppa!

Og ellers kan de lese meir om Kulturskoletimen som forsvann før den fekk lov å «»vekse opp» :

Ingen flere kroner til kulturskoletimen

15.11.2013 | Egil Hofsli (tekst)

OSLO: Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti har kommet til enighet, budsjettavtalen i boks. Uten at det ble penger til kulturskoletimen neste skoleår av den grunn.

Dermed blir Solberg-regjeringens forslag om å kutte all økonomisk støtte til kulturskoletimen en realitet fra og med skoleåret 2014-2015. Dette opprører mange i kulturskolelandet, reaksjonene har vært mange og sterke siden Solberg-regjeringens forslag om endringer i den avgåtte, rødgrønne regjeringens statsbudsjettforslag ble kjent forrige fredag.

Også hos Norsk kulturskoleråd er skuffelsen stor, ikke minst over at Solberg-regjeringen ikke viser noe tegn til at det skal satses på kulturskolen på andre måter når kulturskoletimen nå avvikles som «statlig satsing».

Grevinne-tur

Fasade Stoff  Stil 2 018.ashx

Torsdag 14.november gjekk turen til Bergen og målet for turen var DENNE butikken! Stoff og Stil i Åsane.

8 damer på sykurs tok turen for sjølve å ta i nærsyn kva stoff dei skulle bruke til kreasjonane sine.

grønn blå kjole med gulaktige blonder

Og kreasjonane skal til slutt (forhåpentlegvis) verte noko som ei ekte grevinne ville kledd seg i – i tidlegare tider. Derav navnet på sykurset- «Grevinne-kurs».

Kjolestilen som skal verte sydd vert alt frå middelalderkjoler, 1800-tals kjoler og sist 1920 tals kjole. Kurset består av 7 damer med futt i (og med symaskiner) og sy-lærarinne Reidun Øvrebotten ! Første grevinne-møte vert på torsdag 21.nov. Då skal kjoleteikningane verte omgjort til verkelegheit. Iallefall starte på det.

No kan de vere misunnelig de som ikkje rakk å melde dokke på. Dette vert MORO! Kurset vert avslutta på nyåret ein gong med «Mannequin»-oppvisning med ein tilhøyrande «Grevinne-fest» med spesielt inviterte.  Det vert svært moro å sjå fram til !IMG_0670

mørk rosa lilla kjole