Påmeldingsfristen for neste kulturskuleskuleår er 1.juni og vi godtek kun digital påmelding . Dette pga tidlegare rotete system med påmelding, som kunne føre til at enkelte elevar ikkje vart registrert og dermed ikkje fekk plass. Dette vert no unngått når alle registrere seg på Bremanger kommune sine nettsider. Her er ei «oppskrift» på korleis du går fram : DU FINN link til Bremanger kommune på vår side i menyen . 
Du kjem inn på denne sida på Bremanger si kommune si side. Klikk så på Sjølvbetjening.
Då kjem du inn på Søknadssenter: Om du ikkje har ein brukar må du lage deg ein ny brukar ( til høgre på skjermbilete) 
Her fylle du ut alle dine personalia – kontakt informasjon osv.
Når du har fyllt ut alt MÅ du bekrefte den nye brukaren din på ein tilsendt e-post. Trykk på linken i eposten og du er klar til å søke plass i kulturskulen.
Sjekk at du er innlogga-om ikkje logg deg inn. Finn skjemaet «Søknad om kulturskule under «Kultur og fritid». Klikk på skjemaet.
Då vil du komme inn på denne sida. Fyll ut alle personalia – kryss av for om du vil at borna dine kan takast foto av /publiserast på nettsida til kulturskulen.
Ang.FOTOGRAFERING : Det vert ikkje publisert navn til elevar på foto / tagging av navn. Unntaket av fotografering vert «offentlege» kulturskulekonserter der eleven står på ei scena. Då vert alle på eit vis «offentlege personar» .Det vert då vanskeleg å unngå å verte fotografert. Men om det er ønskjeleg å ikkje bli teken bilde av MÅ de gje beskjed på konsertane /utstillinga/forestillinga. Vi skal prøve å unngå det så godt vi kan i høve til personvernlova.. Men vi kan ikkje styre andre media som er tilstades på arrangementet.
Fyll ut resten av skjema – kva type undervisning du ynskjer osv.
Når du er ferdig å fylle ut sender du inn det ferdigutfyllte. Vanskeleg? Om de vil kan vi «geleide» deg igjennom søknadsprosessen. Kontakt Grete på 95982977 eller Elisabeth på 91658521. Lukke til !




Laurdag 25.april vert det konsert i Heimen med denne spreke karen . Han er opprinneleg frå Eikefjord men bur i Bergen. Han er fast gitarist for Good Time Charlie men arbeider som musiker i ulike andre prosjekt. Vi har vore så heldige å få han her til oss denne helga. Vi arrangere workshop for gitar/bass elevar og andre som har lyst å vere med. Konserten startar kl. 18.00. Vi ynskjer alle som vil velkommen ! Dei som vil melde seg på Workshop ringer til Grete : 95 98 29 77.
Bremanger kulturskule er så stolte over desse karane sin prestasjon på fylkesmøstringa 2015. Alle fire er/var elevar i vår kulturskule. Men mest av alt er karane svært talentfulle! Underteikna er gjerne inhabil MEN vi var ganske så sikre på at dei «kniva » i toppen etter deira prestasjon på scena.






























